E134 Haukelivegen

Mat, natur og kultur mellom øst og vest

Kjøp boka

Ei flott gåve til nokon du er glad i, eller til deg sjølv: Få inspirasjon til neste tur i Norge. Eller bare drøm deg bort! I Geir K. Hus si første bok «E134 Haukelivegen» finn du spennande historiar om mat-, natur- og kulturperler langs vegen mellom øst og vest; frå Drammen til Haugesund og Karmøy. Du får også heile tidslinja og historia til vegen, med bilde både frå 1800-talet og frå bygginga av heilårsvegen som var ferdig i 1967/1968.

Boka er ei vakker og påkosta gåvebok til inspirasjon og hygge. Ho er på 260 sider og har mange nye og gamle bilde og ein del tekstar.

Dette er Geir K. Hus si første bok. Ho kom ut til jul 2017. Etter det har forfattaren gitt ut bøkene «Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen» og «Fleire spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen». Hus er utdanna pressefotograf, har vore journalist og redaktør, og arbeider i Landslaget for lokalaviser (LLA). Han er glad i både mat, drikke, naturen og lokalmiljøet. Geir K. Hus er frå Vestlandet, men bur med familien sin på Østlandet. Velkommen med på turen mellom øst og vest.

Vegstrekninga i boka

Drammen–Kongsberg–Notodden–Seljord–Haukeli–Røldal–Åkrafjorden–Haugesund–Karmøy:
E134

Pris: Berre 225 kroner, 50% av opphavleg pris! Spør bokhandelen din etter E134 Haukelivegen-boka eller stikkvegar-bøkene.

Du kan også få tak i éi eller fleire av bøkene hos andre forhandlarar langs E134: Joker Høydalsmo, Bukkane bruse i Vinje, Mjonøy camping og bakeri, Spar Haukeli, Husflidsbue i Haukeli, Coop Prix Røldal, Shell Røldal, Åkrafjordtunet og Fjelberg landhandel i Kvinnherad. Langs stikkvegane kan du også få tak i éi eller fleire av bøkene: Esso Kinsarvik, Spar Rauland, Dalebutikken Rjukan, Vest-Telemark Museum i Eidsborg, Dalen Hotel, Setesdalsmuseet Rysstad, Grindberg Møbler i Hovden, Fjellbutikken Suleskard, Byrkjedalstunet Lys, Nærbutikken Nesflaten, LOMA lokalmatutsal i Sand/Suldal, Adventbutikken til Sauda sogelag, Companiet Sauda og Sauda fjordhotel.

Bøkene passer også godt for bedrifter, kommunar og organisasjonar som vil ha ei fin gåve til samarbeidspartnarar og tilsette. Ta gjerne kontakt direkte med forlaget via epost.

Du kan også følgje bokprosjektet på Facebook og Instagram.

«Langs vegen gjer forfattaren ei rekkje stopp der han også rettar blikket mot kulturelle og gastronomiske høgdepunkt.»
Irene Mæland Haraldsen
Grannar

«Jeg tror boka gir masse fin innsikt i en av landets viktige transportruter, som har bundet øst med vest i alle tider.»
Torild Moland
Magasinet Reiselyst

«En hybrid mellom god veihistorie og skikkelige opplevelser»
Jon Winding-Sørensen
Magasinet Bil Autofil

«Over 254 sider, fulle av velskrivne artiklar og flotte fotografi, presenterer han historiske stader, flott natur, kulturhistorisk spennande bygningar og verksemder og ikkje minst menneske langs vegen.»
Gro Birgitte Røiland
Bø blad

«Dette er en må ha-bok for alle som ferdes langs E134.»
Mette Bleken
Hardanger Folkeblad / Haugesunds Avis

Rettingar i boka →

Bla kjapt gjennom boka her