Slik får du tak i bøkene

Spør gjerne bokhandelen din etter stikkvegar-bøkene eller E134 Haukelivegen-boka. Alle bokhandlarar i heile Norge får tak i bøkene til deg gjennom Forlagssentralen. Slik unngår du å betale ekstra fraktutgifter.

Ønskjer du å bestille bøker direkte frå forlaget kan du gjere det gjennom skjemaet under her, men då må du betale porto-og ekspedisjonsutgifter på rundt 150 kroner i tillegg. Med andre ord: Spør gjerne næraste bokhandlar etter Haukelivegen-bøkene.

Du kan også få tak i éi eller fleire av bøkene hos andre forhandlarar langs E134:

Joker Høydalsmo, Bukkane bruse i Vinje, Mjonøy camping og bakeri, Spar Haukeli, Husflidsbue i Haukeli, Coop Prix Røldal, Åkrafjordtunet og Fjelberg landhandel i Kvinnherad. Langs stikkvegane kan du også få tak i éi eller fleire av bøkene: Esso Kinsarvik, Spar Rauland, Dalebutikken Rjukan, Vest-Telemark Museum i Eidsborg, Dalen Hotel, Setesdalsmuseet Rysstad, Grindberg Møbler i Hovden, Nærbutikken Nesflaten, LOMA lokalmatutsal i Sand/Suldal, Adventbutikken til Sauda sogelag, Companiet Sauda og Sauda fjordhotel.

Bøkene passer også godt for bedrifter, kommunar og organisasjonar som vil ha ei fin gåve til samarbeidspartnarar og tilsette. Ta gjerne kontakt direkte med forlaget via epost.

Bestillingsskjema

Mange takk! Bestillinga di er motteke.
Oi, noko gjekk gale under sendinga.