No går turen til Hardanger, blant anna til flinke siderbønder langs Sørfjorden – med klyngetun, fossefall og høge fjell i kulissene. Du får også vere med inn på eit av Norges eldste hotell. På andre sida av Folgefonna besøker vi Sundal og Bondhusdalen, og deretter vakre Baroniet Rosendal og slottets fantastiske landskapspark. Deler av turen er i fotspora til Nils Hertzberg, «Haukelivegens far».
I boka ser du også nye og gamle bilde frå strekninga Kongsberg–Rjukan–Rauland–Haukeli. Både i Kongsberg, og mellom bratte fjellsider i Telemark, er det spennande industri- og kulturhistorie. Til slutt blir vi med brøytemannskapa på Haukelifjell.
Du kan også lese epilogen «Fra ridevei til kjørevei», signert Knut Baar og Geir Paulsrud. Begge har solid erfaring frå Norsk vegmuseum.
I tillegg til mange store og nye bilde, er boka krydra med gamle foto av Knud Knudsen, Axel Lindahl og Anders Beer Wilse. Desse var blant dei mest kjente landskapsfotografane i Norge.
Dette er Geir K. Hus si siste bok i trilogien om E134 Haukelivegen og stikkvegane mellom øst og vest. Hus har bakgrunn som pressefotograf, journalist og redaktør. Til dagleg arbeider han i Landslaget for lokalaviser (LLA).
Pris: 479 kroner. Spør bokhandelen din etter den nye stikkvegar-boka eller dei andre Haukelivegen-bøkene.
Du kan også få tak i éi eller fleire av bøkene hos andre forhandlarar langs E134: Joker Høydalsmo, Bukkane bruse i Vinje, Mjonøy camping og bakeri, Spar Haukeli, Husflidsbue i Haukeli, Coop Prix Røldal, Åkrafjordtunet og Fjelberg landhandel i Kvinnherad. Langs stikkvegane kan du også få tak i éi eller fleire av bøkene: Esso Kinsarvik, Spar Rauland, Dalebutikken Rjukan, Vest-Telemark Museum i Eidsborg, Dalen Hotel, Setesdalsmuseet Rysstad, Grindberg Møbler i Hovden, Nærbutikken Nesflaten, LOMA lokalmatutsal i Sand/Suldal, Adventbutikken til Sauda sogelag, Companiet Sauda og Sauda fjordhotel.
Bøkene passer også godt for bedrifter, kommunar og organisasjonar som vil ha ei fin gåve til samarbeidspartnarar og tilsette. Ta gjerne kontakt direkte med forlaget via epost.
Du kan også følgje bokprosjektet på Facebook og Instagram.