Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen

Meir mat, natur og kultur mellom øst og vest

Kjøp boka

Dersom du er glad i mat, natur og kultur langs smale vegar, er dette boka for deg! Gjennom store bilde og små tekstar får du inspirasjon til å ta fleire turar på tre av vegane sør-vest frå E134 Haukelivegen, blant anna Suleskarvegen frå Telemark til Rogaland. Du får også vere med på rundturen Røldal-Suldal-Sauda, og tilbake til Røldal på fjellovergangen nesten 1000 meter over havet. Deler av turen er på Nasjonal turistveg Ryfylke.

Du får sjå innom vinbønder, to stavkyrkjer, fossefall, Nord-Europas største steinur og heftig natur og arkitektur. I tillegg til nye bilde frå sjø, land og fly, er boka krydra med ein del historiske motiv.

Boka er ei gåve- og inspirasjonsbok som kan ligge framme i stua eller på kjøkkenet. Du kan bla i ho før neste reise gjennom Telemark, Setesdal og på Vestlandet - eller bare drøyme deg bort når det er mørkt og kaldt ute.

Dette er Geir K. Hus si andre bok. I 2017 gav han ut «E134 Haukelivegen. Mat, natur og kultur mellom øst og vest». Før jul i 2024 gir han ut boka «Fleire spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen». Hus er tidlegare pressefotograf, journalist og redaktør. I dag arbeider han i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Vegstrekningane i boka

Rundturen Røldal-Suldal-Sauda-Røldal via Jelsa og Hebnes: Rv. 13 og fv. 517 og fv. 520
Rv. 9 frå Haukeli via Hovden til Flateland i Setesdal
Suleskarvegen / fv. 450 frå Høydalsmo i Telemark til Ålgård, før Stavanger

Pris: 449 kroner. Spør bokhandelen din etter stikkvegar-boka eller dei andre Haukelivegen-bøkene.

Du kan også få tak i éi eller fleire av bøkene hos andre forhandlarar langs E134: Joker Høydalsmo, Bukkane bruse i Vinje, Mjonøy camping og bakeri, Spar Haukeli, Husflidsbue i Haukeli, Coop Prix Røldal, Shell Røldal, Åkrafjordtunet og Fjelberg landhandel i Kvinnherad. Langs stikkvegane kan du også få tak i éi eller fleire av bøkene: Esso Kinsarvik, Spar Rauland, Dalebutikken Rjukan, Vest-Telemark Museum i Eidsborg, Dalen Hotel, Setesdalsmuseet Rysstad, Grindberg Møbler i Hovden, Fjellbutikken Suleskard, Byrkjedalstunet Lys, Nærbutikken Nesflaten, LOMA lokalmatutsal i Sand/Suldal, Adventbutikken til Sauda sogelag, Companiet Sauda og Sauda fjordhotel.

Bøkene passer også godt for bedrifter, kommunar og organisasjonar som vil ha ei fin gåve til samarbeidspartnarar og tilsette. Ta gjerne kontakt direkte med forlaget via epost.

Du kan også følgje bokprosjektet på Facebook og Instagram.

«Boken er ideell for nysgjerrige oppdagere med hjemmet på hjul, og vi vil ikke bli overrasket om denne boka havner under mange juletrær i år.»
Tore Afdal, Din Fritid
«Gjennom flotte bilder og korte tekster får leserne et innblikk i både naturen og kulturen langs tre av veiene sør-vest fra E134.»
Jarle Skoglund, Veier24.no
«Dei drygt 200 sidene er rikt illustrert med både historiske og dagsaktuelle bilde i tillegg til kart.»
Knut Atle M. Seim, Ryfylke
«Forfattaren og fotografen byr på ein allsidig buffé der nokon kvar vil finne stoff av interesse. Boka kan seiast vera ei coffee table-bok, og er spekka med fotografi.»
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad
«Geir K. Hus nyttar uttrykket «coffee table book» om den nye utgivinga si. Dette for å understreka at det ikkje treng vere ei bok ein les frå perm til perm, men heller ein stad å henta inspirasjon, med eit vinglas eller ein kaffikopp i handa.»
Liselotte Bakkevig Tonheim, Nynorsk Pressekontor
«Mange hadde hatt stor glede av å ta ein søndagstur, eller ein helgetur for å kikka på det som ligg langs stikkvegane.»
Intervju av Grethe Hopland Ravn, Grannar
«Det er mange spennende historier knyttet til det som i dag er flotte naturomgivelser.»
Intervju av Hilde Anette Ebbesvik, Gjesdalbuen
«Boka er velskriven og informativ om folkeliv og stader som ikkje ligg så langt unna oss.»
Sigurd Haugsgjerd, Setesdølen
«Litt av sjela til Geir Hus ligg att i enorme steinrøyser, fossefall og bratte lier der folk har klort seg fast og dyrka fram eigen kultur og industri. Hus har det med i boka. Han har fått med seg godsaker for lesarane.»
Ingvild Sjo Slettebø, Kvinnheringen / Haugesunds Avis

Bla kjapt gjennom boka her

«Boken er utsøkt satt sammen: Blandingen av nye og gamle bilder, besøk hos høyst levende lokalmatprodusenter og en svimlende natur.»
Per A. Borglund, Aftenposten MAT fra Norge