Rettingar

Sjølv om eg har fått mange lovord og hyggelege helsingar etter at boka om E134 Haukelivegen kom ut, har eg også gjort meg skuldig i nokre mindre feil og upresise formuleringar. Eg har heldigvis fått vite om den slags frå flittige lesarar. Her har eg glede av å rette opp i mine feil.

Side 53: Det gamle spinneriet og mølla

I siste avsnitt er det litt upresist kven som står bak den flotte elvestien i området rundt Omnesfossen og Heddal mølle. Det er Ann-Elin Wang og Torkel O. Hauge som har laga til den to kilometer lange elvestien. Hjartdal historielag står for plansjene med historikken frå området.

Frå Olav Nordstoga har eg fått desse gode presiseringane og rettingane:

Side 87: «No ser eg atter slike fjell og dalar»

Hannevik og «regimentet» hans hadde hovudkvarter på det gamle ungdomshuset Vinjar, som låg rett på andre sida vegen for Vinjestoga. Frammøteplass var Vinjesvingen Handel som låg i vegkrysset der vegen til Byrte og Mo tek av frå E134. Derav namnet kampane i Vinjesvingen. Det er ingen ting som heiter Vinjesvingane.
Trefningane var ved noverande E134 i Åmot, og på vegen mot Dalen (ved brua rett sør for Åmot), og på vegen mot Dalen, ved Liosvingen. Forsvarsmuseet i Åmot ligg over ei norsk maskingeværstilling.

Side 88:

Dette er eldhuset på Nordistog Negarden. Dette bruka Sørensen som atelier.

Side 89:

Hytta som er på øvste biletet her, er ei hytte som Henrik Sørensen sette upp på vestsida av Klevastøylåi. Eg trur ikkje han budde der mange netter. Han budde i våningshuset på Nordistog Negarden i alle åra han var på Smørklepp. Hytta er i seinare år flutt til Biletgalleriet. Harald Kihle hadde si eiga hytte i nærleiken av Nordistog Negarden. Han hadde soleis lite å gjera med hytta på side 89.

Side 93:

Her seier du at Smørkleppåi renn på båe sider av Mjonøy. Det gjer ho ikkje. Det er Klevastøylåi denne åi heiter. Smørkleppåi blir av og til bruka om Storåi, som Klevastøylåi renn ut i rett nedanfor brua (E134).

Som eg velfortent har fått høyra frå ei handfull lesarar frå Edland og Haukeli, er det lite og ingenting frå nettopp desse bygdene, bortsett frå bittelitt i historiekapitellet. Ragnvald Christenson skreiv denne treffande kommentaren på boka si Facebook-side:

Det er ei fin bok, men eg forstår ikkje at forfattaren har «hoppa over» bygdane Edland og Haukeli og Tallaksbrukrysset, eit av dei viktigaste vegkrysset i Sør Noreg med rv9 som er ein sentral del av E134.

Slik svara eg:

Takk for det, Ragnvald Christenson! Med omsyn til Edland, Haukeli og Tallaksbrukrysset pirker du nok borti litt dårleg samvittighet, ja. Rett nok var aldri ambisjonen å ta med alle bygdene langs vegen, det gjer blant anna NAFs vegbok betre, men Haukeligrend og deromkring stod også på mi liste, men brått for tida frå meg!!! Det er eg lei meg for. Kanskje eg får gjort opp for meg ved eit anna høve!

Til det svara Christenson slik:

Det må bli i neste opplaget.

Skulle det med tida bli eit nytt opplag, skal eg forsøke å rette opp alt dette. I mellomtida set eg pris på å få melding om også andre ting som måtte vere upresist eller feil i boka mi. Send meg gjerne ein e-post eller bruk Facebook-sida «E134 Haukelivegen. Mat, natur og kultur mellom øst og vest»

Beste helsing
Geir K. Hus,
forfattaren av boka «
E134 Haukelivegen»